Årsmøte Selje IL onsdag 20.mars kl.18.30
Postet av Selje IL den 7. Mar 2024
ÅRSMØTE SELJE IDRETTSLAG
Tid: onsdag 20.03.24, kl 18.30
Stad: klubbhuset til Selje idrettslag
1. Konstituering
a. Godkjenning av innkalling
Innkalling publisert på idrettslaget sin nettstad og fb-side 7.mars 2023
Framlegg til vedtak: innkallinga vert godkjent
b. Val av ordstyrar
Framlegg frå styret: Marilyn Osmundsvåg
c. Val av skrivar
Framlegg frå styret: Monica Villard
d. Val av 2 personar til å skrive under protokoll
Framlegg frå styret: Kristoffer Hove og Anita Krakereid
2. Årsmelding
Presentasjon av årsmeldingar.
Styret si innstilling: årsmeldingane vert godkjent
3. Rekneskap 2023
Presentasjon av rekneskap for 2023.
Styret si innstilling: rekneskapen for 2023 vert godkjent
4. Kontigentar
Styret si innstilling:
a) Endre alder for born som er inkludert i familiemedlemskap frå 17 til 18 år
b) Familiekontigenten forblir uendra; kr 450,- pr.familie
c) Dei øvrige kontigentane er uendra
5. Budsjett 2024
Presentasjon av budsjett 2024.
Styret si innstilling: budsjett 2024 vert godkjent
6. Oppfølging av vedtak i kommunestyret etter Selje IL sin invitasjon om samarbeid med å etablere ein fleirbrukshall i Selje
Saka var oppe i kommunestyret 15.12.23, der kommunestyret gjorde følgande vedtak:
Stad kommunestyre ber administrasjonen gå i samtaler med Selje idrettslag for å finne ut hvordan Stad kommune kan stå for bassengdelen (opplæringsbasseng) i et samarbeid om å realiserer Sunnivahallen. Dette for å sørge for basseng til lovpålagt svømmeopplæring som en del av avtalen i sammenslåingen mellom Eid og Selje kommune. Saka kjem opp i 2024.
Styret si innstilling: Styret oppnemner ei hall-gruppe som skal vere i dialog med kommunen. Eit av medlemmane skal vere frå styret, og gruppa skal rapportere til styret.
7. Val
Valnemda presenterer si innstilling.
Anleggsprosjekt Selje Idrettspark
Postet av Selje IL den 15. Des 2023
På årsmøte i mars 2022 vart det vedteke at Selje IL skulle starte planlegging av garasje og servicebyggprosjekt. Hovudstyret nedsette seinare ei arbeidsgruppe for å ta hand om arbeidet.
Prosjektgruppa har i 2023 bestått av: Atle Solheim, Erling Åbø, Kjell Magnar Flølo, Merete Nerland, Per Jarle Hoddevik, Kristoffer Aam Hamre, Rikard Rekdal. Prosjektgruppa har rapportert til Hovudstyret undervegs i prosessen. Hausten 2023 vart det vedteke å engasjere Nordfjord Takst&Consulting for å utarbeide skisseprosjekt/teikningar i samarbeid med prosjektgruppa/Selje IL. Resultat av dette arbeidet kan ein sjå nedanfor:
A50-1 Illustrasjon anleggsprosjekt v.NTC, pr.10.11.23.pdf
A20-1 Plan 1. etasje, anleggsprosjekt v.NTC, pr.10.11.23.pdf
Selje IL har utarbeida spelemiddelsøknader for 1.byggesteg i prosjektet. Ekstraordinært årsmøte 19.12 handsamar sak om låneopptak for å få på plass finansiering av anlegga iht. spelemiddelsøknader.